Kort fortalt
Comeback for fjordhotell
Stryn-verksemd med inntektshopp.
Marius Rosbach
26.07.2022
Inntektene for Olden Fjordhotell gjorde eit hopp i fjor.
Omsetninga auka frå 4,4 millionar i 2020, til 6,2 millionar kroner i fjor. Aktiviteten var dermed tilbake på nivået frå tidlegare år.
Resultatet enda med eit pluss på drygt 35.000 kroner for verksemda som sysselsette ni årsverk i fjor.
Det noverande driftsselskapet blei oppretta i 2018 med Birger og Einar Løken på eigarsida. Eigenkapitalen i fjordhotellet er knappe 600.000 kroner og gjelda er på drygt to millionar.
Publisert: 26.07.2022 10:16
Sist oppdatert: 26.07.2022 10:29