NPK-NTB: Medan Equinor, VG og Vy kjem dårlegare ut enn i fjor, toppar Coop, Tine og NRK analyseselskapet Ipsos' årlege omdømmemåling.
82 prosent av deltakarane i undersøkinga har eit godt eller særs godt totalinntrykk av daglegvarekjeda Coop, ifølgje
På andreplass kjem Tine, følgd av NRK, Vinmonopolet og Felleskjøpet, som for første gong er med i undersøkinga blant Noregs 100 største bedrifter.
Tidlegare Det Norske Veritas, DNV DL, er selskapet som har hatt den største omdømmebetringa saman med Schibsted og Egmont, medan VY, Equinor og VG er blant selskapa som har forverra omdømmet sitt det siste året.
VG fall frå 38.-plass til 53.-plass, men ansvarleg redaktør og administrerande direktør Gard Steiro er ikkje bekymra.
– VG har aldri skåra spesielt høgt på målingar som denne, men eg konstaterer at lesartala våre har auka gjennom heile 2019. Våre eigne målingar viser at omdømmet vårt no er omtrent som då året starta, seier Steiro til NRK.

Publisert: 10.10.2019 08:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32