NPK: 17.600 var innom Norsk Countrytreff i helga. Det er publikumsrekord for festivalen i Breim i Sogn og Fjordane.
Festivalsjef Arve Kleppe håpar besøkstalet gjer at festivalen går i pluss.
– Det har ikkje alltid vore slik, så dette er vi utruleg glade for. For vår del er det viktig at dei som er her trivst også. Sjølv om det var hektisk til tider, ser alt ut til å ha gått strålande og tilbakemeldingane så langt har vore veldig gode, seier Kleppe i ei pressemelding.
Countryfansen har fått sjå artistar som Tanya Tucker, Vassendgutane, Rotlaus og Hanne Sørvaag. Neste år feirar festivalen 25 år, og med jubileet kjem ei av dei verkeleg store stemmene i countrysjangeren, avslørar festivalsjefen.
– Emmylou Harris er ein stor musikar, ikkje berre innan country. Ho er kjend for mange og er ein kvalitetsmusikar av rang, så dette gler vi oss verkeleg til.
Den amerikanske visesongaren Emmylou Harris har vore artist i over 40 år er mellom anna heidra med 13 Grammy-prisar.

Publisert: 16.07.2018 11:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38