Kort fortalt
Cruisereirarlag til Hareid
Skal vurdere Hareid som cruise-hamn.
15.03.2024
Hareid cruisenettverk blei etabler i fjor for å arbeide for å få cruiseskip til å legge til i Hareid.
I slutten av april kjem representantar for fleire cruisereiarlag til Hareid for å få presentert Hareid som ein mogleg cruisedesinasjon, ifølgje ei pressemelding frå Hareid cruisenettverk.
Cruisenettverket er eit samarbeid mellom Hareid kommune, Vekst i Hareid, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og lokale næringsaktørar.
Publisert: 15.03.2024 10:27
Sist oppdatert: 15.03.2024 10:27