Kort fortalt

Dårlegaste året for villaksen

Fangsttala søkk kraftig i fjor.

NPK
25.01.2024

(NPK): Tala for fangst av villaks søkk kraftig. 2023 var det dårlegaste året nokosinne.

– Ein fortvilt situasjon for alle som bryr seg om norsk natur. Lagnaden til villaksen er eit konkret døme på den naturkrisa vi står midt oppe i. Dette er dramatisk.

Det seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske lakseelver til NRK.

I 2022 vart det fanga 97.678 villaks av sportsfiskarane i norske lakseelvar. Talet for 2023 er 70.593. For å sikre nok gytefisk i elvane, vart nesten 19.000 av desse sette tilbake. Nedgangen er altså på snautt 30 prosent.

– Eit samla forskarmiljø peikar ut oppdrettsindustrien til å vere den største trusselen mot villaksen, seier Evensen til NRK.

– Det viktigaste no er å få kontroll på lakselus frå oppdrettsanlegga og rømd oppdrettslaks. Skal vi klare å redde villaksen for framtida, må talet på oppdrettslaks i opne anlegg reduserast dramatisk.

(©NPK)

Publisert: 25.01.2024 10:32

Sist oppdatert: 25.01.2024 12:07

Mer om