Kort fortalt

Dale vil halde på ferjerabattane

Ber vegvesenet vere meir fleksible.

Marius Rosbach
28.06.2019
Staten vegvesen har fått beskjed frå samferdsleminister Jon Georg Dale om å sjå på ferjerabattane på nytt, etter overgangen til Autopass-ordning.
Mange har opplevd at overgangen frå verdikorta til autopass-kort vart ei innskjerping. Særleg idrettslag og transportørar har klaga på ordninga, som fører til at dei må betale inn større forskot enn tidlegare for å oppnå rabattar.
– Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. Ved overgangen til Autopass-ferjekort frå januar i år opplevde mange at dei har mista gode rabattordningar. Det har aldri vore meininga. Derfor bed eg no Statens vegvesen om å betre fleksibiliteten og dermed gi like gode rabattordningar med Autopass-ferjekort som tidlegare praksis med verdikort, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei fredag.
Han vil også ha brikkebetalinga på plass så fort som mogleg, men meiner det er viktig at næringstransporten får gode vilkår og høve til same rabatt med meir fleksible betalingsmåtar.

Publisert: 28.06.2019 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33