Kort fortalt

Dalsfjord-nei til vindkraft

Fleire grendelag protesterer.

16.09.2019
NPK: Fleire grendelag i Dalsfjorden på Sunnmøre ønskjer at fjorden skal halde fram med å vere fri frå vindturbinar. Dei krev endringar i Nasjonal ramme for vindkraft.
Fleire av innbyggjarane i Dalsfjorden i Volda kommune vil setje ein stoppar for å byggje ut vindkraft i fjorden, skriv . Dei meiner verdien av området som rekreasjon- og friluftsområde er større enn inntektene frå vindkrafta.
Verdien av å bu i nærleiken av urørt natur vil auke med tida, og grendelaga krev at kommunen blir fjerna som aktuelt område for vindkraft, skriv dei i eit brev til NVE og Volda kommune.

Publisert: 16.09.2019 12:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32