Kort fortalt

Danske Bank sel privatkundeverksemda

Tener for dårleg på privatkundane.

07.06.2023

NPK-NTB/NETT NO: Danske Bank vil ikkje lenger vere del av den norske privatmarknaden og har innleidd ein salsprosess.

I følgje Dagens Næringsliv utgjer utlån til norske privatkunder omlag 200 milliardar kroner. Banken har seks prosent marknadsandel i den norske privatkundemarknaden.

Danske Bank har 11 filialar i Noreg, mellom anna ein i Ålesund.

I ei pressemelding skriv banken at ein strategisk gjennomgang gjer at dei vel å reindyrke satsinga i Noreg på bedrifts- og storkundesegmentet.

– Vi har svært gode kundar i personmarknaden og kjenner på eit stort ansvar. Kundane våre treng ikkje gjere noko som ein del av prosessen rundt eit mogleg sal av denne delen av filialen, og vi er trygge på å finne gode løysingar som er til det beste for personmarknadskundane våre, seier Erlend Angelfoss, landssjef i Danske Bank Norge.

I pressemeldinga skriv banken at det har vore utfordrande å oppnå tilfredsstillande lønnsemd i privatmarknaden i Noreg. Banken vil derfor ikkje føre vidare denne satsinga.

Banken varslar at han vil komme med meir informasjon om eit mogleg sal seinast i samband med at tala for andre kvartal blir lagde fram.

– Strategien er å forsterke rolla som forretningsbank i Noreg vidare og ta ytterlegare marknadsdelar, seier Angelfoss.

Publisert: 07.06.2023 09:38

Sist oppdatert: 07.06.2023 12:55