Kort fortalt

Debatt om rekrutteringskvote i fiskeri

Somme meiner ordninga er urettferdig.

NPK
30.10.2023

(NPK): Tre menn og tre kvinner får utdelt rekrutteringskvote til fiskenæringa. Men somme meiner at denne ordninga er urettferdig.

– Statistisk sett er det riktig at unge menn blir nedprioriterte. Men dette er eit politisk verkemiddel som myndigheitene har valt å bruka for å prøva å rekruttera fleire unge kvinner inn i næringa. Så det er antakeleg eit rett val, seier leiar Kåre Heggebø i Norges fiskarlag til NRK.

Kvoten blei etablert i 2022 og fungerer slik at tre kvotar går til menn og tre går til kvinner. Regjeringa meiner på denne måten at dei har fordelt kvotane likt mellom kjønna, forklarar kanalen. Det er fiskeridirektoratet som trekker ut seks stykk som får kvar sin rekrutteringskvote. Dei som blir trekte ut får fiska om lag 29 tonn torsk utan å betala for kvoten.

Men det har vekt reaksjonar. På Facebook-gruppa Fiskerinytt har ordninga blitt omtalt som "mannsdiskriminerande".

Heggebø seier at han forstår frustrasjonen hjå dei som føler at dei tapar på grunn av kjønn, men minner samtidig om at ein ikkje har rekrutteringskvoten til evig tid. Det er noko ein har mens ein prøver å etablera seg i næringa.

– Men kvotane er ettertrakta fordi ein får høve til å fiska meir enn i ein vanleg kvote i opne grupper.

(©NPK)

Publisert: 30.10.2023 15:46

Sist oppdatert: 30.10.2023 15:46

Mer om