Det er Stiftinga Drivkraft som står bak støttetiltaket.
Det er snakk om tre Drivkraftstipend på inntil 500.000 kroner, og fem Spirestipend på 100.000 kroner
Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, med ein startkapital på 100 millionar kroner.
Dagleg leiar Alfred Bjørlo og seniorrådgivar Lillian Loen seier på stiftinga si nettside at stipenda markerer startskotet for Drivkraft som operativ aktør i næringslivet i Sogn og Fjordane.
– Vi veit at det finst mange flinke folk med sterke idéar rundt om i Sogn og Fjordane, som kan skape sterke bedrifter i framtida. Det som ofte manglar, er kapital og drahjelp i rett fase. Desse stipenda skal gjere det mogleg for folk og bedrifter å satse meir – og gi gode prosjekt fart, seier Loen på nettsida.
Fristen for å søkje på stipenda går ut 31. mars, og per i dag er det over 30 søkjarar.
Publisert: 19.03.2026 08:56
Sist oppdatert: 19.03.2026 08:56






