Kort fortalt

Dempa optimisme i industrien

Nytt konjunkturbarometer fra SSB.

NPK
16.10.2025

(NPK): Norske industrileiarar melder om vekst i industriproduksjonen i tredje kvartal, men optimismen er dempa, viser ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ordretilgangen både frå eksport- og heimemarknaden viser ein nedgang for dette kvartalet, medan utsiktene for fjerde kvartal blir vurderte som svakt positive.

Konjunkturbarometeret for 3. kvartal 2025 viser ein svak vekst i samla industriproduksjon. Majoriteten av produsentar av innsatsvarer og konsumvarer rapporterer om ein moderat auke i produksjonen, medan produsentar av investeringsvarer melder om nedgang i produksjonen.

Dette står i kontrast til førre kvartal då denne varetypen viste ein auke i produksjonen.

Mange føretak innan investeringsvarer leverer varer til olje- og gassektoren. Denne varetypen har vist tydeleg vekst i tre år, og veksten har klar samanheng med ein sterk investeringsvekst på norsk sokkel desse åra.

Industrileiarane melder om ein auke i den samla sysselsetjinga i tredje kvartal, og det er produsentar av investeringsvarer som står for det meste av veksten. Produsentar av konsumvarer og innsatsvarer melder også om auke i sysselsetjinga. Sjølv om den samla sysselsetjinga aukar, er veksttakta noko lågare enn i førre kvartal, heiter det i ei melding frå SSB

(©NPK)

Publisert: 16.10.2025 12:51

Sist oppdatert: 16.10.2025 12:51

Mer om