NPK: I slutten av april blei produksjonsutstyr og ost slukt av flammane i ein brann ved Den blinde ku. No får ysteriet hjelp frå Tine-meieriet i Ørsta i Møre og Romsdal.
– Det meste av utstyret blir sendt til Den blinde ku i dag, og så blir osteformene sendt litt seinare, seier meierisjef Bente Reklev til måndag. Voksgryte og ostestativ er no på veg frå Ørsta.
I slutten av april gjekk det gale då to tilsette skulle voksa ost. Ei gryte med 950 liter voks tok fyr. Brannen spreidde seg raskt og både produksjonsutstyr, ost på lager og lokala i Ås i Akershus gjekk tapt i brannen, fortalde i byrjinga av mai.
Mange har tilbode seg å hjelpe til med nye lokale og utstyr, og Tine har saumfare meieria sine for utstyr som ikkje var i bruk.
– Dette er utstyr som vi har hatt på lager, men som vi ikkje brukar lenger. Du veit aldri kva som dukkar opp, og denne gongen kunne vi hjelpe Den blinde ku, seier Reklev.

Publisert: 04.06.2018 20:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39