NPK: Samferdsledepartementet mistenkjer at Widerøe kuttar rutetilbodet for å gjera opp for mange kanselleringar i haust.
Widerøe-sjef Stein Nilsen sa denne veka at 18 av dei 23 kommersielle kortbanerutene til selskapet går med tap og varslar rutekutt frå januar. Det får Samferdsledepartementet til å reagera.
– Ein kan spørja seg om dei legg ned ruter fordi dei treng fly andre stader. Widerøe har kansellert over 200 flygingar i Troms og Finnmark i september, og me byrjar å bli bekymra for evna selskapet har til å levera det me faktisk betaler dei for, seier statssekretær Brage Baklien (Frp) til .
Widerøe avviser påstanden om at dei planlegg kutt fordi dei treng fly andre stader. Selskapet peikar på at rammevilkåra for kommersiell drift på kortbanenettet har blitt for dårlege.
Næringslivet i Nord-Noreg og på Vestlandet fryktar rutekutt. Ordførar Ola Teigen i Flora kommune seier dei ikkje har råd til å mista flyplassen sin. Flyplassen i Florø er ei av dei kommersielle rutene til Widerøe.
– Me har eit næringsliv som brukar Widerøe til og frå Florø. Færre avgangar betyr at dei vil slita med å driva bedriftene sine frå byen, seier Teigen til .

Publisert: 24.10.2018 10:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37