Kort fortalt

Det blir ikkje turistkatt førebels

Regjeringa vil følgje opp seinare.

NPK
06.10.2023

(NPK): Trass i at fleire i reiselivsbransjen har ønskt ein ny turistskatt i statsbudsjettet for 2024, har regjeringa vald å ikkje innføre den – førebels.

Eit regjeringsoppnemnd utval foreslo i mars i år at alle som reiser til Noreg skal bidra med ein sum - som blei kalla turistskatt. Fylkeskommunen skulle fordele pengane vidare.

Dette skulle bli gjort for å kompensere og dekke kostnadar som stadar med stor tilstrøyming av turistar har.

I statsbudsjettet for 2024 står det at regjeringa ikkje foreslår ein ny turistskatt.

- Stortingets oppmodingsvedtak om å innføre ein kommunal/statleg turistskatt i samband med statsbudsjettet for 2024, blir følgd opp på eit seinare tidspunkt, står det.

Regjeringa har tidlegare sagt at dei vil ha på plass pilotar på turistskatt dei kan teste ut i løpet av året.

(©NPK)

Publisert: 06.10.2023 13:06

Sist oppdatert: 06.10.2023 13:06

Mer om