Polhavet, det store marine økosystemet rundt Nordpolen, har til no vore ein mørk flekk på kartet over fiskebestandane i verda. No har havforskarar funnet teikn til liv under isen.
Ved hjelp av ekkolodd-data frå ein svensk ekspedisjon, har forskarane avdekt eit «biologisk belte»; Eit horisontalt, biologisk lag av levande organismar.
– Dette var overraskande, for sjølv om ein har påvist slike lag på djupt vatn over heile kloden, var det uventa å finne det under all denne isen, seier forskar Harald Gjøsæter ved Havforskingsinstituttet (HI) i ei pressemelding.
Organismane som ein finn i slike lag, lever av mat dei enten hentar sjølv, ved å gå opp til overflata, eller som «drys» ned til dei frå havoverflata. Men sidan det er is over Polhavet, er det lite planteplankton og annan føde lett tilgjengeleg her.
– Det har vore kjent at det er fisk like under isen i Polhavet. Men ingen har visst, fram til no, om det er fisk eller andre organismar djupare nede under isen, seier Gjøsæter.
«Kven» det er som lever i laget under polisen, veit forskarane førebels ikkje. Det vart ikkje tråla under den svenske ekspedisjonen.
Publisert: 24.03.2021 11:27
Sist oppdatert: 24.03.2021 11:29