Det ser lyst ut for lundefuglen
Betre tilgang på mat for bestanden ved Runde.
(NPK): Denne sesongen ser førebels god ut for lundefuglen som held til på øya Runde i Møre og Romsdal, fortel fugleobservatør Ingar Støyle Bringsvor til NRK.
Hekkesesongen er i gang, og betre tilgang på mat har vore positivt for artane som held til på fugleøya i Herøy kommune på Sunnmøre. Bringsvor understrekar at det framleis er for tidleg i sesongen til å konkludere, men at pila ser ut til å peike rett veg.
Den europeiske bestanden av lundefugl (Fratercula arctica) har hatt sterk tilbakegang dei siste tre generasjonane. Arten er derfor klassifisert som sterkt trua i Europa og sårbar på den internasjonale raudlista.
Lundefuglen, som også blir kalla for sjøpapegøye, hekkar langs kysten på begge sider av Nord-Atlanteren. I Noreg hekkar lundefuglen i fuglefjell frå Rogaland til Aust-Finnmark, i tillegg til på Jan Mayen, Svalbard og Spitsbergen. Den største hekkeplassen er ved øya Røst i Lofoten.
(©NPK)
Publisert: 04.05.2021 10:37
Sist oppdatert: 04.05.2021 10:45