Kort fortalt

Difor døyr oppdrettslaksen av algane

Er fanga i merdane og blir kvelt.

28.05.2019
NPK: Villaksen kan svømme bort frå område med skadelege algar, medan oppdrettslaksen blir kvelt av algane fordi han ikkje kjem seg unna.
Oppdrettslaks har berre to alternativ for å komme seg unna skadelege algar. Anten kan dei svømme ned mot djupet eller samle seg mot overflata i merdane. Fordi laksen i merdane ikkje kjem seg unna, blir han kvelt, skriv .
– Laksen får eit tydeleg signal om at store mengder algar er noko han må rømme frå. Om det er i form av smerte, irritasjon eller sterkt ubehag er vanskeleg å seie, forklarer Lars Helge Stien, som forskar på dyrevelferd.
Fisk har smertereseptorar som sender signal via ryggmergen til ein sentral hjerne, akkurat som pattedyr, og lærer raskt å unngå smertefulle situasjonar. Dei kan ha langvarige endringar i åtferd etter å ha blitt utsett for røff behandling.
Ulike artar av algar finst naturleg i sjøen, og når vêrforhold og miljøforhold for ein art blir ekstra gode, kan han få ei ekstra oppblomstring. I enkelte tilfelle, som no, er det ein skadeleg art som kjem i store mengder.

(©NPK)


Publisert: 28.05.2019 07:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34