Kort fortalt

Distriktselevar vel ofte yrkesfag

Fleirtalet av elevane frå distrikta går yrkesfag etter ungdomsskulen, medan fleirtalet frå sentrale stader vel studieførebuande utdanning.

NPK
25.01.2023

Ei undersøking frå SSB finn at elevar frå urbane og rurale strok ofte vel ulike retningar når dei skal ta steget vidare frå ungdomsskulen. Nærmare 68 prosent av dei som begynte på vidaregåande skule på dei små stadene i distrikta i 2021 valde å gå yrkesfagleg retning. På tettstader i distrikta søkte 62 prosent seg inn på yrkesfag. I Oslo og områda rundt var det om lag 29 prosent som valde same lei.

32 prosent av elevane frå distrikta søkte seg inn på studieførebuande retning, medan 71 prosent av dei i Oslo-området valde det same i 2021. Tendensen går att i dei andre store byane på det sentrale Austlandet. I mellomstore byane og områda rundt er det om lag like mange som vel studieførebuande som yrkesfag.

Ifølgje SSB kan trenden ha samanheng med arbeidsmarknadssituasjonen og næringsstrukturen der elevane bur. Det er mellom anna slik at brorparten av dei sysselsette i distrikta har ei yrkesfagleg utdanning. Ei anna årsak er kor villige elevane er til å flytta heimanfrå, og kor kjende dei er med ulike typar arbeid.

Publisert: 25.01.2023 07:34

Sist oppdatert: 25.01.2023 07:36

Mer om