Kort fortalt

DNA-analysar kan avsløre rømt fisk

Ber Havforskingsinstituttet undersøke torsk i nord.

NPK
23.01.2023

(NPK): Havforskingsinstituttet (HI) kan ved hjelp av DNA-analysar finne ut om torsk og andre fiskeslag er rømlingar frå oppdrettsanlegg og kva anlegg dei kjem frå.

Fiskeridepartementet har bede Havforskingsinstituttet (HI) undersøkje torsk fiska utanfor Meløy i Nordland, etter mistanke om rømming frå eit oppdrettsanlegg.

– Når det er mistanke om rømt oppdrettstorsk, samtidig som ingen anlegg har rapportert rømming, kan vi sjekke kva oppdrettsanlegg fisken kjem frå, fortel forskingssjef Kevin Glover i ei sak på nettsidene til HI.

Dei tek prøvar både frå fisken ein mistenkjer er rømt, og frå fisken i nærliggjande oppdrettsanlegg. Deretter gjer dei genetiske analysar av DNA-et for å sjå om det er likskap.

– Denne metoden gir svar på kor stort sannsyn det er for at rømt oppdrettsfisk kjem frå eitt bestemt anlegg, seier Glover. Denne metoden for å spore rømt fisk blir også brukt på laks og regnbogeaure.

(©NPK)

Publisert: 23.01.2023 10:08

Sist oppdatert: 23.01.2023 11:05