NPK-NTB: Ifølgje Bloomberg har DNB-aksjen vakse 11 prosent hittil i år, medan Nordea har falle 11 prosent. DNB har no ein marknadsverdi på 248 milliardar kroner, medan Nordeas marknadsverdi er på rundt 246 milliardar kroner.
DNB har ikkje vore størst sidan fusjonen som vart til Nordea i 2001.
– DNB har hatt ei imponerande reise tvinga fram av kravet norske styresmakter har til kapitalauke, seier analytikar Jan Erik Gjerland i ABG Sundal Collier til
I kjølvatnet av finanskrisa har styresmaktene nemleg fleire gonger auka krava om at bankane må setje av ein prosentdel til eigenkapital for kvar krone dei låner ut. Dermed har DNB dei siste fem åra nesten dobla eigenkapitalen sin. Ved utgangen av 2018 hadde DNB eigenkapital på heile 224 milliardar kroner. Det var delvis eit resultat av at bufferen hadde gitt god avkasting, mykje betre enn andres, ifølgje Gjerland.
Medan DNB-aksjen har stige 83 prosent på Oslo Børs på tre år, har Nordea-aksjen falle 14 prosent i same periode.

Publisert: 26.06.2019 08:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33