Kort fortalt

DNB-robot innvilgar lån på to minutt

For første gong har DNB innvilga lån utan at ein menneskeleg rådgjevar har sett på søknaden.

22.11.2017
NPK-NTB: Automatisert saksbehandling kan spare banken for milliardar.
Den nye teknologien vart først brukt til å la eksisterande kundar refinansiere, men no er den også prøvd ut på heilt nye kundar, skriv . Tenesta vart lansert tysdag.
– Eit par hundre saker er gått gjennom så langt. Folka mine er utruleg fornøgde. Dette er ein heilt ny måte å gi lån på, seier Trond Bentestuen, som har ansvaret for personmarknaden.
– Dette betyr at ein kan stå på bustadvisning og få innvilga lån på to minutt, sjølv om ein ikkje er kunde.
Den nye teknologien gjer også at banken kan spare store beløp. Forretningsområdet Bentestuen styrer, inkluderer rundt 1.200 personar som jobbar tett på kundane og kan innvilge lån, skriv avisa.
– Potensialet for effektivisering av norsk bankstell er framleis stort, og mange av prosessane som i dag blir gjort manuelt, vil bli automatiserte, forklarar han. Men banken har ikkje varsla noka konkret nedbemanning knytt til den nye låneløysinga.

Publisert: 22.11.2017 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40