Kort fortalt

DNT skal leige Kråkenes fyr

Har fått treårig leigeavtale.

07.11.2018
NPK: Ytre Nordfjord Turlag har inngått ein treårig leigeavtale med Kystverket på Kråkenes fyr på Stadlandet i Sogn og Fjordane.
Kystverket søkte tidlegare i haust etter nye leigetakarar på Kråkenes fyr. Seks søkte, og no har Ytre Nordfjord Turlag fått ja, skriv Kystverket i ei .
Ytre Nordfjord Turlag er eit lokallag under Sogn og Fjordane Turlag, ei fylkesforeining i Den Norske Turistforening.
Turlaget er ikkje ukjend med drift av fyrstasjonar. Sidan 2003 har det også hatt leigeavtale med Kystverket om bruk av Skongenes fyr som turlagshytte med overnattingstilbod. Erfaringa og kunnskapen frå den drifta vil dei no nytte på Kråkenes fyr. Begge hyttene ligg i Vågsøy kommune.
– Med Ytre Nordfjord Turlag får vi ein leigetakar med lokal forankring. Med eit driftskonsept som turistforeiningshytte som inngår i Kystledsnettverket i Noreg blir fyrstasjonen veldig open for allmenta, og samtidig har Ytre Nordfjord Turlag ein god plan for kulturminnevern og -formidling, fortel senioringeniør Svein Gunnar Vallestad i Kystverket.

Publisert: 07.11.2018 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36