Doblar flåten etter godt år
God inntening for Kvamsøy-selskap, som utrustar ny båt.
Kvamsøy-selskapet Beitveit Holding selde fiskebåten Stålegg, og satsa i staden på avlusingsfartøy. I 2017 kjøpte selskapet PSV-en Bourbon Liberty, og bygde båten om til avlsusingsfartøy for Lerøy under namnet Sea Liberty 1.
No har selskapet kjøpt endå ein båt frå eit britisk selskap. Den 13 år gamle og 58 meter lange PSV-en Inyanga Entsha skal også i oppdrag frå Lerøy. Båten er no under ombygging ved Westmek i Borgundvågen på Stad.
Beitveit Holding hadde ei omsetning i fjor på 54,9 millionar kroner, og eit resultat før skatt på solide 23,9 millionar.
Selskapet sysselsette 20 årsverk i fjor, noko som vil doble seg når nyebåten kjem i drift.
Eigenkapitalen er på 57,3 millionar kroner, og den langsiktige gjelda 23,2 millionar.
Bak satsinga står brørne Kenneth og Ronny Beitveit, med Kenneth som største aksjonær.
Beitveit Holding | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 54,9 | 46,6 | |
Driftsresultat | 24,2 | 21,5 | |
Resultat før skatt | 23,9 | 20,8 |
Publisert: 10.05.2023 09:00
Sist oppdatert: 10.05.2023 09:03