Kort fortalt

Dobling av lakseeksporten til Kina

Er no Noregs 8. største laksekunde.

Marius Rosbach
08.03.2021

(NPK): Kinesiske fiskeimportørar har auka innkjøpa av fersk laks frå Noreg med 108 prosent hittil i år.

På dei åtte første vekene i 2021 har Kina importert 4539 tonn fersk norsk laks, mot 2179 tonn i same periode i fjor. Dette går fram av eksportstatistikken frå SSB og Noregs sjømatråd, ifølgje iLaks.

Berre i veke 8 importerte Kina 761 tonn laks. Om ein legg til Hongkong, som er eigen tollregion, var den samla importen frå Noreg på 975 tonn. Det svarar til 54 fullpakka semitrailerar, og det gjorde Kina til Noregs åttande største laksekunde.

Lakseprisane har vore vesentleg lågare hittil i år enn i same perioden i fjor. Låge prisar aukar etterspurnaden, gjer at nye kundar kjem til og gjer det eklare å byggje nye marknader.

Samstundes som eksporten til Kina har auka, så har USA redusert importen sin frå Noreg med to tredelar hittil i år. Færre flyruter er ei sannsynleg årsak.

Den samla lakseeksporten frå Noreg hittil i år er på 218.285 tonn.

(©NPK)

Publisert: 08.03.2021 17:22

Sist oppdatert: 08.03.2021 17:24

Mer om