Kort fortalt

DOF hankar inn kontrakter

Har fått fleire Brasil-kontrakter.

22.05.2019
Gjennom datterserselskapet Norskan Offshore har DOF blitt tildelt ei kontrakt av Total for ankerhandteraren Skandi Rio.
Oppdraget varer i 13 månader pluss to opsjonar som kvar er på seks månader.
Vidare har DOF Subsea Brasil blitt tildelt ein kontrakt av Sapura Energy do Brasil nordaust i landet. Sluttkunden er CELSE og til dette prosjektet er det Skandi Seven som skal nyttast.
Dette prosjektet startar i slutten av mai og varer 20 dagar pluss opsjonar.
I tillegg har TechnipFMC beslutta å bruke konstruksjons- og rørleggingsfartøyet Skandi Niterói til Peregrino Fase 2 Surf-prosjektet til Equinor.
Skandi Niterói er eigd av eit joint venture mellom Dof og TechnipFMC.

Publisert: 22.05.2019 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34