Kort fortalt
Doktorgradsutdanning i Volda
Fekk godkjenning frå NOKUT.
14.02.2024
NPK: Sidan 2014 har Høgskulen i Volda (HVO) hatt ei fellesgrad i helse- og sosialfag i lag med Høgskolen i Molde. No har HVO fått si fyrste eigne doktorgradsutdanning.
Det vart vedteke av styret i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) onsdag, skriv NOKUT i ei nyheitsmelding.
Doktorgradsprogrammet skal heite "Utdanning, språk og kultur", og gjev HVO utvida fullmakter til å opprette utdanningar på masternivå. Programmet er tett knytt til utdanningsvitskap og lærarutdanninga i Volda, som har funnest i over 100 år.
Publisert: 14.02.2024 17:54
Sist oppdatert: 14.02.2024 17:54