Kort fortalt

Dronning Sonja til Nor-Fishing

Kongelig åpning i Trondheim.

NPK
18.08.2022

(NPK): Kongehuset skal igjen prege fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim. Dronning Sonja skal stå for den offisielle opninga, og ho skal besøkje utstillarar og ungdomsarrangementet Nor-Fishing Youth.

Den offisielle opningsseremonien blir leidd av fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap), Trondheim-ordførar Rite Ottervik (Ap) og styreleiar i Stiftinga Nor-Fishing, Kjell Ingebrigtsen. Messa går føre seg 23.–26. august.

Dronninga skal besøkje det nye barne- og ungdomsarrangementet Nor-Fishing Youth på Brattøra. Her skal blant anna Unge Kokker lære born og unge å lage mat med råvarene frå havet.

Kongehuset har ein lang tradisjon i å besøkje Nor-Fishing og søstermessa Aqua Nor, som blir arrangert for havbruksnæringa. Heilt sidan kong Olav opna den første fiskeriutstillinga i 1960, har ein representant frå Kongehuset nesten utan unntak delteke på messene.

Sist Nor-Fishing blei halden i Trondheim Spektrum var det kronprins Haakon som deltok på opninga.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2022 16:04

Sist oppdatert: 25.08.2022 13:25

Mer om