Kort fortalt

Dronninga og kronprinsen til Selja

Skal feire jubileum for Bjørgvin bispedøme.

21.06.2018
NPK: Dronning Sonja opnar søndag ei hengebru ved ein turveg i Ullensvang i Hardanger. Seinare i sommar er ho til stades på ei festgudsteneste på øya Selja i Nordfjord.
Dronning Sonja opnar ei ny hengebru ved Rjukande i Lofthus i Ullensvang herad søndag 24. juni.
Dronninga har tidlegare opna «Dronningstien» som går frå Heng. I forlenginga av stien er det no laga ei hengebru over Opo-elva. Brua vil gjere rundturen Hardanger Fjellsti om til ein fin dagstur i lengde, der ein i dag må gå i 1,5 time innover elva før ein kan krysse for å kome rundt.
Søndag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster i Selje kommune i Nordfjord. Dronning Sonja vil vera til stades.
Festgudstenesta, «Seljumannamessa», blir leidd av biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug som også vil preike. Andre medverkande er blant andre biskop i Nidaros Herborg Finnset, biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.
I 1968 besøkte dåverande kong Olav og kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900-årsjubileet for Bjørgvin bispedøme.
Dette var eitt av dei første offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950-årsjubileet.

Publisert: 21.06.2018 11:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38