NPK: Statens vegvesen legg vekk planane om ny E39-trasé mellom Ålesund og Molde gjennom friluftsområdet Svartløken nord for Skodje og Sjøholt, skriv NRK.
I staden går Vegvesenet no inn for eit alternativ gjennom Solnørdalen, Ørskogfjellet og vidare til Vik.
På Sunnmøre har framlegget om å leggje vegen gjennom Svartløken møtt mykje motbør, og Vegvesenet har no komme fram til at alternativet har for store negative konsekvensar for friluftsliv og naturmiljø.
E39 gjennom Svartløken kunne redusert køyretida mellom dei to byane frå nærare 2 timar til 1 time og 15 minutt. Alternativet over Ørskogfjellet aukar reisetida med tre–fire minutt i forhold til Svartløken-alternativet.

Publisert: 02.10.2018 11:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37