Kort fortalt

Droppar ferjekaikonkurranse

Fekk inn berre eitt tilbod.

27.01.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune vil avlyse konkurransen for nye ferjekaier på Sølsnes og Åfarnes.

Bakgrunnen er at fylkeskommunen berre fekk inn eitt tilbod, og det var vesentleg høgare enn byggherreoverslaget. No ønskjer fylkeskommunedirektøren å vurdere andre gjennomføringsstrategiar, vert det opplyst i ei pressemelding.

Kontrakten vart lyst ut i desember og omfatta bygging av tilleggskaier (pirar) på Sølsnes og Åfarnes. Tilbodssummen var på 157 millionar kroner inkl. mva. Tilbodet er innafor den totale kostnadsramma, men så høgt at det ikkje vil vere midlar igjen til ny liggekai på Sølsnes og nye venterom. Dei var planlagt utlyst i ein seinare kontrakt.

Fylkeskommunedirektøren varslar fleire grep:

  • Ny vurdering av gjennomføringsstrategi, som til dømes å samle alt arbeid i ei kontrakt. Grunnen til at prosjektet var delt opp i to entreprisar er at reguleringsarbeidet for liggekai på Sølsnes ikkje er ferdig før over sommaren i år
  • Redusere omfang for å redusere kostnadane
  • Jobbe mot marknaden for å legge til rette for at fleire entreprenørar vil regne på oppdraget
  • Optimalisering/forenkling for å korte ned byggetida for å nå planlagt ferdigstilling av kaiene, hausten 2023

Ferjene som trafikkerer sambandet i dag er dei same som vil gå der også etter 2023. Om kaiene blir ferdige seinare enn hausten 2023, vil ikkje det ha konsekvens for trafikantane i sambandet.

Publisert: 27.01.2022 16:06

Sist oppdatert: 27.01.2022 16:08