Du bør fornye passet no
Fryktar kø til sommaren.
Passkontora har no lite pågang. Det bekymrar politiet, som fryktar at køane hopar seg opp igjen før sommaren neste år.
– Det er mindre pågang enn ønska. Vi har mange ledige timar og vil gjerne at publikum kjem til oss før jul, det er veldig viktig, seier seksjonsleiar Randi Finnestad i Sør-Øst politidistrikt i NRK.
Politiet har sendt ut påminning til folk på SMS om å fornye passet.
– Utfordringa kjem til våren. Då kjem alle kundane og då vil kapasiteten bli sprengd, og det vil bli lang ventetid. Så eg ønskjer at folk kjem no, seier ho.
Trondheim og Oslo har størst pågang på passkontora.
Elisabeth Lund, seksjonsleiar i Oslo politidistrikt, oppmodar til å bestille passtime dersom passet går ut innan dei neste tre til seks månadene.
Publisert: 01.12.2022 07:35
Sist oppdatert: 01.12.2022 07:36