NPK: – Noreg treng fleire fagarbeidarar, og no vil det bli enklare for ufaglærte å formalisere kompetansen sin. Eg håpar mange vil nytte seg av ordninga og tar fag- og svennebrev, seier kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner.
Før sommaren gav Stortinget støtte til regjeringsforslaget om å innføre ny modell for å ta fagbrev medan ein står i jobb. Forskrifta er no fastsett av Kunnskapsdepartementet.
Fram til no har kravet vore at ein enten må ha fullført læretida som lærling eller ha minimum fem års heiltidspraksis i faget for å melde seg opp til fagprøven.
– Målet er sjølvsagt at fleire vaksne skal ta fagbrevet samtidig som dei kan behalde lønna arbeid og får opplæring i arbeidstida. Men krava til fagbrev er det same for desse kandidatane som andre, seier Sanner.
Han trekker spesielt fram dei mange ufaglærte i helse- og omsorgssektoren som no kan få moglegheita til å opparbeide seg formell kompetanse.
Med den nye ordninga vert det no kravd berre eitt års heiltidspraksis i faget før ein kan søkje om å inngå kontrakt om fagbrev på jobb. Kandidaten får opplæring og rettleiing i praksisperioden, og varigheita er avhengig av det enkelte fag og realkompetansen til kandidaten.

Publisert: 31.10.2018 10:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37