Kort fortalt

Dyrt å avvikle pelsdyrnæringa

Kostar minst 2,3 milliardar kroner.

17.10.2018
NPK-NTB: Eit pelsdyrforbod vil koste mykje meir enn regjeringa har lagt til grunn, ifølgje to rapporter som Norges Pelsdyralslag viser til.
Rapportane er laga av selskapa Samfunnsøkonomisk analyse og Oslo Economics.
Ifølgje Samfunnsøkonomisk analyse vil ei ordning som kompenserer alle aktørane for tapt næringsinntekt totalt koste samfunnet om lag 1,78 milliardar i 2018-kroner. I tillegg kjem eingongskostnadar på mellom 520 og 767 millionar kroner.
– Førebelse berekningar tilseier at regjeringa må rekne med å bruke minst to milliardar kroner for å innfri løftet om å sikre pelsdyrbøndene nødvendig føreseielegheit ved eit pelsdyrforbod, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag
Oslo Economics bereknar at dei økonomiske tapa for næringa vil bli opp mot 2,37 milliardar kroner, ein sum som ifølgje rapporten vil bli endå høgare om ein tar omsyn til dei avgrensa moglegheitene bøndene har for alternativ inntekt.
Regjeringa tar sikte på å fremme ein lovproposisjon til Stortinget om forbod mot pelsdyrhald med ein avviklingsperiode for eksisterande produsentar fram til årsskiftet 2024/2025.

Publisert: 17.10.2018 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37