Kort fortalt

Dårleg rekefangst i juli

Langt under vanleg nivå.

NPK
04.08.2021

(NPK): Rekefisket i sommar har gitt for lite for båtane i sør. Sjølv om det på Jæren og austover er tatt betre fangstar, er fangsten totalt i juli dårlegare enn vanleg.

– Fisket i sør har generelt ikkje vore så bra i sommar. Vi trudde det skulle ta seg opp frå midten av juli. For nokre veker sidan kom vi ut med 1.700 kilo kokte reker på ei veke og vi drog i alt 100 timar for å oppnå det kvantumet. Men det har gått nedover etter den tida, opplyser Lennart Danielsen på reketrålaren «Pilot» av Søgne til Fiskeribladet.

Han fortel at rekefisket på denne tida skulle ha vore betre og burde vore opp i eit snitt på 25 kilo kokte reker i timen. Nokre har gjort det bra på rekefisket på Jæren og austover, men det er det fanga for lite reker i sommar.

– Eg høyrer at fleire butikkar ikkje klarte å dekke behovet av reker, seier Danielsen til Fiskeribladet.

(©NPK)

Publisert: 04.08.2021 12:05

Sist oppdatert: 04.08.2021 12:07

Mer om