Kort fortalt
Dårleg rusta mot datakriminalitet
Ny rapport viser svakheiter.
Marius Rosbach
21.03.2023
Tysdag kom ein rapport som viser at berre ni prosent av europeiske selskap er rusta mot risikoane moderne bruk av datateknologi fører med seg.
Rapporten er laga av Cisco og viser mellom anna at tre av fire leiarar innan it-sikkerheit, venta at ei hending ville forstyrre verksemda deira dei neste to åra.
Til saman 6700 it-leiarar over heile verda, inkludert sju Europeiske land, deltok i undersøkinga.
Publisert: 21.03.2023 14:54
Sist oppdatert: 21.03.2023 14:54