Kort fortalt

Dårleg sesong for laksefiskarane

Uvanleg lite laks i elvane.

NPK
20.08.2021

Dei siste fem åra har sportsfiskarane i snitt landa 120.000 villaks i elvane. Slik blir det ikkje i år.

– Denne sesongen er foreininga for elveeigarlaga sterkt i tvil om ein kjem til å fange over 100.000. Eg trur vi ikkje har hatt eit så dårleg år nokon gong, seier kommunikasjonsansvarleg Pål Mugaas i Norske lakseelver til NRK.

Også ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) har dei registrert at det er lite laks i elvane. Forskar Eva Thorstad er klar på kvar hovudproblemet ligg.

– Laksebestandane har vore låge i nokre år no. Det er låg overleving i havet. Og i tillegg har det vore avvikande dårleg i Midt-Noreg og på Vestlandet. Og det knyter vi til effekten av lakseoppdrett, seier forskar Eva Thorstad til kanalen.

Ho peiker også på Aust-Finnmark som eit område med spesielt lite lakseinnsig denne sommaren. I resten av landet beskriv forskaren sesongen som variabel.

– Det er effekten av lakselus, rømt oppdrettslaks, og andre infeksjonar knytt til oppdrett. Og særleg har lusesituasjonen forverra seg dei siste åra. Døying på grunn av lakselus, utdjupar ho.

Når det gjeld pukkellaksen, veit forskarane så langt for lite om konsekvensane for villaksbestanden.

Sjømat Norge avviser at oppdrettsnæringa har skylda for lite lakseinnsig denne sommaren.

Publisert: 20.08.2021 21:23

Sist oppdatert: 20.08.2021 21:25

Mer om