Kort fortalt

Dårleg år i vente for bøndene

Kan vente seg inntektsfall på 23.500 kroner.

12.04.2019
NPK-NTB: Inntektene til bøndene blir anslått å gå ned med 23.500 kroner per årsverk i år, viser ferske tal. Tørkesommaren gav jordbruket eit samla tap på 3,1 milliardar.
Fredag vart offentleggjort. Dette dannar grunnlaget for jordbruksoppgjeret, som startar 29. april når Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer sine krav til staten.
Frå 2017 til 2018 hadde bøndene ein inntektsvekst på 1 prosent, men i år blir det venta ein nedgang på 6,6 prosent, altså 23.500 kroner per årsverk.
Ekstremtørken i fjor sommar blir anslått å ha påført jordbruket eit tap på 3,1 milliardar kroner i 2018 og 2019. Det omfattar tapt produksjon, auka kostnader og lagernedbygging av grovfor.
Staten trådde til med ein krisepakke på 525 millionar kroner, i tillegg til avlingsskadeerstatning. Inntektsoverslaget som blir lagt fram fredag er justert for den spesielle situasjonen, slik at dei skal vere mogleg å samanlikne med tidlegare år. Budsjettnemnda, der både staten og bondeorganisasjonane er representert, slår likevel fast at tala for 2018 er meir usikre enn tidlegare år.

Publisert: 12.04.2019 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35