Dårlegare lønsemd i oppdrett
Svakaste året på ni år.
Dei 20 største oppdrettsselskapa her i landet har lagt bak seg det skrøpelegaste året sidan 2012, ifølgje nettavisa iLaks.
I snitt har dei 20 største selskapa ein driftsmargin på 15 prosent i 2020, noko som er eit bratt fall frå 21,9 prosent i 2019.
Ei viktig og nærliggjande forklaring er at lakseprisen gjekk ned med 5,7 prosent frå 2019 til 2020, pluss at det var lågare etterspurnad som følgje av koronapandemien. Hittil i år har likevel lakseprisen styrkt seg.
Stigande kostnader på fot, dyr kapitalkrevjande og kamp mot sjukdom, var også med på å gjere lønsemda dårlegare enn året før.
Heile landet under eitt auka det samla slaktevolumet av laks med 1,3 prosent frå 2019 til 2020.
Publisert: 06.10.2021 15:03
Sist oppdatert: 06.10.2021 15:04