Kort fortalt
Dårlegaste Lofotfiske på mange år
Lågare kvotar og lite fisk.
04.04.2024
(NPK): Årets lofotfiske har vore det svakaste på mange år. Så langt i 2024 er det landa cirka 16.000 tonn skrei i Lofoten. Det er 6000 tonn mindre enn i fjor.
Det skriv NRK Nordland.
Det er ferske tal frå Råfisklaget som viser at lofotfisket i år er det dårlegaste på lenge. Årsaka er lågare kvotar og lite fisk i området der dei små båtane fiskar.
– Det er heilt fritt for fisk i Lofoten no. Eg trur mange båtar ikkje gidd å ta kvoten sin her, for det er ikkje verd å komme heilt hit. Derfor gjer dei seg heller ferdig med fisket på Finnmarkskysten, fortel fiskar Øyvind Krane Johansen.
(©NPK)
Publisert: 04.04.2024 08:11
Sist oppdatert: 03.04.2024 23:35