Kort fortalt

Ein av fire fryktar dei må selje bustaden

Ny undersøking om økonomien til nordmenn.

NPK
18.01.2024

(NPK): – Mange lever heilt på grensa av kva økonomien kan tole no, seier Ole-Jørgen Kjenes i Frende Forsikring.

Ifølgje ei undersøking utført av Norstat for Frende Forsikring, trur 17 prosent av nordmenn at dei ikkje kan halda på bustaden sin dersom dei får endra inntekt som følgje av sjukdom eller arbeidsløyse.

Ni prosent svara at dei var usikre på om dei kan halda på han.

– Det er altså berre rett over ein av tre nordmenn som seier at det har ein trygg nok økonomi til å handtere ting som plutseleg kan skje, seier Kjenes.

Ved utgangen av september 2023 mottok 366.000 nordmenn uføretrygd. Dette svarar til 10,4 prosent av befolkninga mellom 18 og 67 år. Samstundes var arbeidsløysa på 3,5 prosent.

Kjenes rår folk til å prate med ein rådgjevar om det dei tykkjer er vanskeleg.

(©NPK)

Publisert: 18.01.2024 09:49

Sist oppdatert: 18.01.2024 09:54

Mer om