Ein av to vil ha turistskatt
Måling om nytt forslag.
(NPK): Regjeringa har varsla at turistskatt blir innført i løpet av året. I ei ny undersøking kjem det fram at eit fleirtal er for dette tiltaket, skriv NRK Troms og Finnmark.
I meiningsmålinga svarer 52 prosent i Nordland ja til at dei støttar innføring av skatt for ferierande turistar i Noreg, medan 29,3 prosent svarer nei. For Troms er talet som svarer ja 61,5 prosent, medan 23,9 seier nei.
Det regjeringsoppnemnde utvalet som foreslo turistskatt, meinte denne burde krevjast inn nasjonalt, for så å fordelast til fylkeskommunane. Men fleire av fylkestoppane i nord vil heller at ansvaret skal liggje lokalt.
Akkurat korleis innkrevjinga av turistskatten vil skje og om den òg skal gjelde for norske turistar er enda ikkje stadfesta.
(©NPK)
Publisert: 25.08.2023 11:50
Sist oppdatert: 25.08.2023 11:50