Kort fortalt

Ein av tre jobbar gratis overtid

Mange har også lange dagar.

08.04.2019
NPK-NTB: Ein analyse av YS Arbeidslivsbarometer viser at ein av tre arbeidstakarar jobbar overtid utan å få betalt.
Det er YS-forbundet Negotia som har gjort ein djupneanalyse av YS Arbeidslivsbarometer. Der kjem det fram at ein av tre arbeidstakarar svarer nei på spørsmålet «blir arbeidstida di utover alminneleg arbeidstid registrert».
– Det analysen vår viser, er at kvar tredje arbeidstakar ikkje får registrert det som i realiteten er overtid. Dermed får dei ikkje betalt for dette, seier Monica A. Paulsen, leiar i YS-forbundet Negotia.
Analysen viser òg at kvar tiande arbeidstakar gjennom ein månad jobbar meir enn 10 timar ein arbeidsdag «ofte» eller «alltid».
Pålagt overtidsarbeid kan etter i utgangspunktet ikkje overstige 10 timar på sju dagar, 25 timar i fire samanhengande veker og 200 timar i ein periode på 52 veker. Vidare kan overtidsarbeid berre påleggast når det er eit særleg og tidsavgrensa behov.
Paulsen påpeikar at det i aller høgaste grad skal bli gitt overtidsbetaling ved arbeid utover alminneleg arbeidstid.
– Sjølvsagt skal overtid registrerast og bli kompensert. Her er det openbert rutinesvikt i mange verksemder. Analysen vår viser at dette har vore ei utfordring i fleire år. Vi vil no vurdere å be Arbeidstilsynet sjå på korleis dette kan kontrollerast betre i tida framover, seier ho og legg til at det òg kan skjule seg mørketal.
– Vi har medlemsgrupper som rapporterer at arbeidsgivar definerer stillinga deira som såkalla «særleg uavhengig». Det gir noko meir fleksibilitet, men også mindre betalt overtid, seier Paulsen.

Publisert: 08.04.2019 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35