Kort fortalt

– Ein million pukkellaks på veg

– Ein katastrofe, meiner fiskeforeningsleiar.

NPK
02.09.2022

(NPK): – Neste år ventar vi at ein million pukkellaks vil gå opp i elvane i Nord-Noreg og særleg i Finnmark. Det blir ikkje mindre enn ein katastrofe, seier Geir Kristiansen, leiar i Berlevåg Jeger- og Fiskerforening.

Han karakteriserer pukkellaksen som eit langt større problem enn rømt oppdrettslaks. Kristiansen krev at styresmaktene løyver nok pengar til å stanse det han kallar galskapen, før det er for seint.

Han er klar på at det er mogleg å løyse problema, men at det vil bli dyrt. Og problemet er kven som skal betale.

Talet på ein million pukkellaks blir stadfesta av lakseforskaren Henrik Hårdensson Berntsen ved Norsk institutt for naturforsking (Nina) i Trondheim, men med atterhald.

– Talet er eit estimat basert på at utviklinga vi har sett hittil held fram. Vi hadde ei dobling frå i underkant 6.600 individ i 2017 til 2019, og ei tidobling frå 2019 til i fjor. Då vart det fanga rundt 200.000 pukkellaks her i landet, nær 90 prosent av det i Finnmark, seier forskaren til IntraFish.

(©NPK)

Publisert: 02.09.2022 14:12

Sist oppdatert: 02.09.2022 14:13