Eivind Overå foto Tussa
NM-KLAR: Eivind Overå er ein av fire som skal kjempe om sigeren i elektrikar-NM neste veke. Foto: Tussa
Kort fortalt

Eivind er klar for elektrikar-NM

Lærling frå Tussa skal til Oslo for å konkurrere.

Marius Rosbach
11.04.2024

Eivind Overå frå Tussa Installasjon har kvalifisert seg til NM i elektrofag i telekommunikasjonsmontørfaget, opplyser Tussa i ei pressemelding.

Han har fagbrev som automatikar frå før, og no er han lærling i Tussa Installasjon og tek fagbrev som elektrikar.

Etter å ha gått gjennom to krevjande uttaksrundar, er han valt ut som ein av fire dyktige kandidatar til konkurransen i Oslo 15. til 18. april.

– Vi er særs stolte over å ha ein deltakar i NM og har stor tru på at han vil gjere det godt i konkurransen. Deltakinga i NM er eit prov på målretta arbeid og engasjement for faget. Vi ønskjer han lukke til i konkurransen og ser fram til å følgje han, uttaler administrerande direktør Roar Stenersen i Tussa Installasjon i meldinga.

Dette er tredje gong Tussa Installasjon har deltakarar i NM i elektrofag. I 2018 gjekk Jørgen Andreas Mo heilt til topps og vann NM. I 2022 deltok Tor-Inge Ulstein, og kom på 4. plass.

Vinnaren av NM går vidare til verdsmesterskapen, World Skills Competition, i Frankrike i september.

Publisert: 11.04.2024 14:57

Sist oppdatert: 11.04.2024 14:57

Mer om