Kort fortalt

Ekspressbåt Bergen - Ålesund

Det skal fylkeskommunane vurdere.

NPK
22.03.2022

Fylkeskommunane Vestland og Møre og Romsdal skal i fellesskap vurdere ei ekspressbåtrute mellom Bergen og Ålesund i samband med opning av Stad skipstunnel i 2027.

Hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland vedtok i dag å greie ut prosjektet saman med Møre og Romsdal, melder NRK Vestland. . Reisetida mellom dei to vestlandsbyane blir på seks timar når skipstunnelen står klar.

Publisert: 22.03.2022 16:49

Sist oppdatert: 22.03.2022 16:50

Mer om