EL 24 Elektro kontrakt 1
Desse får ansvar for at arbeidet går som planlagt på byggeplass. Terje Melseth Ålesund kommune sin hovudbyggeleiar, Kristoffer Aamås, prosjektleiar EL 24 og Brian Jakobs assisterande prosjektleiar/ anleggsleiar EL 24.
Kort fortalt

EL24-kontrakt med Ålesund

Fekk oppdrag til 26,7 millionar kroner.

12.04.2024

Kontrakten gjeld elektroanlegget til Ålesund kommune sitt vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen. Den omfattar arbeid både på vassbehandlingsanlegget, reintvasspumpestasjonen, råvasspumpestasjon og ventilkum, og gjeld alt frå hovudtavler til naudlys, brannalarm og solcelleanlegg, skriv kommunen i ei pressemelding.

Kontrakten er på 26,7 millionar kroner.

Sunnmørsselskapet EL 24 vart i 2022 kjøpt av Konstel-konsernet. Konsernet er eigd av fond sett opp av investeringsselskapet Credo og ei rekkje lokale aktørar i elektrobransjen.

Publisert: 12.04.2024 12:16

Sist oppdatert: 12.04.2024 12:16