Kort fortalt

Elbil gir mindre pengar i kassa

Avgiftstap på 25 milliardar.

16.10.2018
NPK-NTB: I 2019 reknar regjeringa med å ta inn 47 milliardar kroner i ulike avgifter på kjøp og bruk av bil. Elbilar har bidratt til å kutte inntektene med ein tredel.
Rekna i 2019-kroner tok staten ifølgje inn 72,5 milliardar kroner i ulike avgifter på kjøp og bruk av bil i 2007. Nedgangen dei siste tolv åra på rundt 25 milliardar kroner kjem av at folk i større grad kjøper bilar med låge avgifter.
Ifølgje avisa auka delen elbilar i nybilsalet frå 3 prosent i 2012 til 26 prosent dei første åtte månadane i 2018. For hybridbilar har delen auka endå meir, frå 4 prosent i 2012 til over 30 prosent hittil i år.
Dieselbilen er den store taparen på statistikken, der delen av nybilsalet gjekk ned frå 64 prosent i 2012 til litt under 20 prosent så langt i år.
Salet av bensinbilar har gått ned nokre prosentpoeng, til rundt 25 prosent dei første åtte månadane i 2018.

Publisert: 16.10.2018 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37