Kort fortalt

Elbilsalet har allereie passert fjoråret

Så langt i år er det selt 50.000 elbilar.

02.10.2019
NPK-NTB: Dermed har talet allereie passert kva det var i heile 2018. Avgiftsfritaka verkar etter intensjonen, meiner NAF.
I september åleine vart det selt rundt 6.000 nye elbilar, ifølgje tala som . Det utgjorde godt over halvparten av nybilsalet.
– Dette viser at avgiftsfritaka for elbil verkar etter intensjonen. Samtidig hastar det med å få på plass ein ladeinfrastruktur som står i stil med veksten i elbilar. Vi i NAF er bekymra for at det er for få ladepunkt og at dei som finst, lader for langsamt, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i .
Han konstaterer at toppane i salet av elbilar kjem med kvar store transport av Tesla Model 3.
– Andre bilmerke har òg fått skikk på leveransane av elbilar. Det hjelper òg godt på dei gode salstala, seier Sødal.

Publisert: 02.10.2019 08:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32