Kort fortalt

Elbilskepsis i distrikta

Under halvparten av elbilistar meiner elbil passar for folk som bur i distrikta.

NPK
26.01.2023

I undersøkinga Elbilbarometeret, som Norstat har gjort for NAF, svarer berre 45 prosent av elbilistane at elbil passar i Distrikts-Noreg. Blant dei som ikkje eig elbil, er det berre éin av fire som meiner elbil passar i distriktet.

– Dette er overraskande tal og viser at vi framleis har ein veg å gå før elbilen blir oppfatta som eit godt alternativ for alle, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgivar i NAF.

Billig lading heime er viktig for dei som vel elbil, og lading heime er enklare på bygda enn i byen. Fleire har bustader med eigen parkeringsplass med tilgang til straum i distrikta enn i byane.

– Drivstoffkostnadene er langt lågare for dei som kan lade elbilen heime enn dei som må tanke diesel på bensinstasjonen. I tillegg har du full tank kvar dag utan å måtte køyre nokon stad. Dette burde lokke fleire i Distrikts-Noreg over på elbil, seier Nils Sødal.

Størsteparten av bilkjøparane kjøper ikkje ein heilt ny bil, men brukt bil. Bruktmarknaden for elbilar veks kvart år og utvalet blir betre og betre. Det siste året har prisane vore unaturleg høge for brukte elbilar, men dette er venta å endre seg etter kvart som fleire brukte elbilar kjem på marknaden.

– Det er viktig å rekne på totalkostnadene når du kjøper bil. Lågare drivstoff- og vedlikehaldskostnader for elbilar bør absolutt vere med i det reknestykket. Elbil er meir lønnsamt å eige enn ein dieselbil, seier Nils Sødal.

Publisert: 26.01.2023 09:40

Sist oppdatert: 26.01.2023 09:41

Mer om