Elevar får eige oppdrettsanlegg på land
Satsar 20 millionar på Måløy-prosjekt.
(NPK): Om alt går etter planen, skal Måløy vidaregåande i Kinn kommune ha ein akvahall klar hausten 2023. Der skal elevane få opplæring i landbasert oppdrett, fortel Ilaks.no.
Skolen jobbar med prosjekteringa no, og vil lyse ut anbodskonkurranse til hausten. Målet er å vere i gang med å bygge i april neste år for at anlegget skal vere klart til bruk året etter.
– Det blir eit småskala landbasert oppdrettsanlegg for opplæring. Alt skjer i miniformat der du kan prøve og feile i trygge omgivnader. Det blir ulike teknologiar, mellom anna RAS-teknologi, seier prosjektleiar for akvakulturutdanninga ved Måløy vgs., Mona Bakke Svarstad til ilaks.no.
Ho fortel vidare at Vestland fylkeskommune har sett av 20 millionar kroner til prosjektet. I tillegg til laks planlegg skolen òg opplæring i oppdrett av andre fiskeartar som reinsefisk og torsk.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 20.05.2021 13:50
Sist oppdatert: 20.05.2021 13:52